Stakk
Bli med tilbake i tid og opplev korleis bøndene i gamle dagar lagra høy ute på heia. Under festivalen får du sjå ei levande demonstrasjon av korleis ein set opp ein ekte høystakk – slik det vart gjort før maskinar tok over.
Lær om gamle teknikkar som kjembe, býr og stakksneis, og sjå korleis ein bygde ein stakk slik at regnet rann av og ikkje inn i høyet. Høystakken vart sett opp for å passe eit sledelass, og måtte trøast og bindast på rett vis.
Demonstrasjonen finn du i det kulturhistoriske området på festivalen – ei unik moglegheit til å sjå levande tradisjonar i bruk!
